Standard side

 

Polaritetsyoga er ein av dei fire hovuddelane i Polaritetsterapi – i tillegg til effektive energibehandlingar, bevisstgjeringsdel og kosthald. Østerrikske dr. Randolph Stone skapte denne terapiforma, som har i seg elementer frå både austlege og vestlege behandlingsformer.

Polaritetsyoga er sett saman av ein kombinasjon av øvingar med element frå fleire former for kroppstrening, som m.a. tradisjonell yoga, chigong, taichi.                                                           

Når du først har lært dei enkle øvingane i Polaritetsyoga, kan du sjølv utføre dei heime, og dei er herleg å gjere i friluft når temperaturen tillet det!  

Treninga er skånsom for kroppen og har god effekt med berre nokre få minutts trening dagleg. Rørslene i Polaritetsyoga er mjuke, men samstundes djuptverkande og velgjerande på både musklar og nervesystem. Oppmjuking av ledda i kroppen er ein vesentleg del av god denne yogaformen. Vi sit ikkje i yogastilling, men gjer øvingane ståande, med avslapning til slutt på matte eller anna underlag.

Om du opplever mykje stress, er det fint å ta 3-5 minutt med polaritetsyoga innimellom. Kroppen vil setje pris på den tida du tar til polaritetsyoga i kvardagen.                                           

😊 Vi arbeider med å løyse opp energiblokkeringer i kroppen og skape friare energiflyt, både for å førebyggje og for å skape betre balanse. Eg har sjølv brukt Polaritetsøvingar mykje i dagleglivet, og erfart dei gode verknadene dei har.

Eg bruker musikk til nokre av øvingane. Pusten vert vektlagd, og verdien av å ha ei humoristisk innstilling til tilveret!

Oppstart:  antakeleg fredag 12. mars Tid: fredager kl. 10-11

Tlf. 922 091 89 – dyvikherdis@yahoo.no